|
||||
|
Lokaliseringa må seiast å vere i rolege omgjevnadar, men samstundes sentralt i forhold til attraktivitetar som t.d. Knutholmen i Kalvåg (10 min. m/bil, 15 min. m/båt) og Grotlesanden i Bremanger (20 min. m/bil, 10-15 min. m/båt). Det går bilveg heilt fram til anlegget, og parkeringstilhøva er gode. Kjem du med ferja frå Måløy, tek det ca. 30 min. å køyre til Novelandet frå ferjeleiet på Oldeide. Kjem du med ferja frå Kjelkenes, tek det berre ca. 5 min. å køyre frå ferjeleiet i Smørhamn. Dessutan er det òg mogleg å køyre fastlandssambandet via Isane til Davik og Rugsund, gjennom den undersjøiske tunnellen (Skatestraumen) og vidare til Bremanger og Novelandet. Køyretida frå ferjeleiet på Isane til Novelandet er ca 1 t og 15 min. Ønskjer du å fiske, ligg Novelandet og Bakke midt i "smørauget". Det finst attraktive fiske- og krabbeplassar nærast rett utanfor "stovedøra". Anlegget har sløyeplass med tilgang på vatn. Vidare har vi flytebrygge for utleigebåtane og ei djupvasskai for større båtar, og ikkje mindre enn to moloer gjer hamna ypperleg eigna som utgangspunkt for både fiskeaktiviteter og til dømes padling med kano.
|
|
||
|
||||
| Bakkevik Brygge, N-6729 Kalvåg | Tel.+47 95 85 60 60 | E-mail: post@bakkevikbrygge.no | ||||