|
||||
|
I Bremanger kan du få ein "smakebit" av heile fylket. I løpet av nokre timar kan du oppleve aktivitetar som spenner seg frå storhavet til isbrèen. Fiskeværet Kalvåg er ei av kystperlene våre langs kysten. Her finn du det største og best bevarte sjøbruks- miljøet på vestlandet. Restaurant Knutholmen - ei restaurert gamal sjøbu - kan by på fisk rett frå havet eller frå akvariet utanfor restauranten. I Kalvåg kan du mellom anna slappe av på kaikanten, få omvisning på det gamle sildesalteriet eller spasere i den vakre naturen.
Grotlesanden er utan tvil den mest idylliske sandstranda i Sogn og Fjordane. Her er silkemjuk sand så langt auge rekk. Sanden er ein attraksjon i fint vèr, men er kanskje enno meir fasinerande når stormen bryt innover land. Vil du vite meir om kva Bremanger å tilby, klikk deg inn på www.visitbremanger.no |
|
||
|
||||
| Bakkevik Brygge, N-6729 Kalvåg | Tel.+47 95 85 60 60 | E-mail: post@bakkevikbrygge.no | ||||